Heit_00282.jpg

Steg for steg til eit vellukka besøk hjå heit

  1. Pakkelista

    Når du skal besøka heit må du ha med deg 2 stk badehandkle, badetøy og gjerne ei drikkeflaska til vatn. Me har ikkje noko servering i saunaen, verken mat eller drikka. Smykker kan svi mot huden i saunaen, difor tilrår me at du lar slike småting ligga att i garderoben.

  2. Snacks?

    Det er fort gjort å bli småsvolten etter bading, så ta gjerne med deg ein liten matbit. Men innta maten din utanfor saunen. Det er av hygeniske årsaker ikkje lov med mat inne i saunaen. Bruk søppelspann i garderoben til eventuelt avfall.

  3. Aldersgrense?

    Me har ingen aldersgrense, men barn må vera i følgje med ein vaksen. All bading og bruk av badstu er på eige ansvar.

  4. Ved ankomst

    Ved ankomst parkerer gjester som kjem med eigen bil på oppmerka parkeringsplasser. Ein badstumeister vil ta dykk imot. Badstumeisteren er ansvarleg for at de får ei hyggeleg stund i saunaen. Badstumeisteren syner dykk rundt på området, og har på førehand fyrt i saunaen. Badstumeisteren syter for ved til gjestene, og har ansvar for tryggleiken under besøket.

  5. Fasilitetar

    heit har ein enkel garderobe. Her kan de byta til badekle og legga att eigendelar de ikkje vil ha med i saunaen. Me har ikkje toalett.

  6. Saunaen

    Sjølve saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten med fantastisk utsikt innover fjorden. Saunaen er av canadisk modell med finsk saunaovn frå merket Harvia. Me vil tilrå eit friskt fjordbad saman med saunaen for ei revitaliserande oppleving, men dette er heilt frivillig! Saunaen har ein kapasitet på maks 6 personar.

  7. Avbestilling

    Om du må avbestilla før 48 timar får du full refusjon (minus eit administrasjonsgebyr på 200,- NOK) . Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 48 timar før. Ønskjer du å endra tida så fiksar me det utan problem.

  8. Nyt opplevinga

    Len deg tilbake og nyt stunda. Ta inn fjorden, fjella og fonna. Dette er di stund! Dette er fjorden Baby!